Photobucket

Saturday, March 17, 2007

Motivasjon

Ka motivasjon ska t for at ein skal komme seg gjennom Gymteorien?

Friday, March 09, 2007

Det er kjekt å få brev i posten!

Det er noko ekstra kjekk med å får brev i posten. Det gjeld ikkje bankbrev og rekningar sjølvsagt, dei er berre kjeisame.

Når du får eit brev eller eit postkort av ein ven eller eit familiemedlem så er det nesten på grensa til magisk. Det er sjugt at eg seier dette, det viser berre kor digitalisert eg er blitt. All kontakt med omverda skjer gjennom e-post og MSN, og det er jo i bunn og grunn det mest praktiske, det tar mindre tid og blir som regel ikkje stoppa av ekstreme snømengde eller streik, heller ikkje stor pågang rundt jul øydelegger for min evne til å kommunisere over nettet. Ein sparar på papiret òg, og det er vel på sett og vis meir miljøvennleg med desse digitale kommunikasjonsvegane.

MEN..... Om ein bare ein gang i blant kunne få eit hyggelig brev i posten, med personlege handskrevne bokstavar, så trur eg verda ( i alle fall for meg ) ville bli ein betre stad å bu.

Tuesday, March 06, 2007

Heimedag

I dag hadde eg heimedag frå skulen. Det betydde at eg kunne sova lenge. Samtidig som eg fekk dårlig samvit når eg kom til å tenkja på alt eg skulle ha fått gjort av skulearbeid. For sjølv om me har heimedag kan ikkje det karakteriserast som fri. Ein blir lassa ner av lekser. Som feks ein nynorsk stil om utdanning og skule, eg valgte oppgåva:

- Kva faktorar påverkar vårt val av utdanning og yrke? Skriv ein artikkel

Så eg har skrive eit avsnitt til no. Eg kan hugse at læraren vår gav oss ei innføring i skuleartikkelskriving, men eg husker ikkje kva som var viktig å tenkje på.... :S så no sitt eg fint i det.

Monday, March 05, 2007

Forvirra


Søknadsfristane nerme seg! Kva skal ein søkje på?

Eg har ikkje pipling.

Det e jammen ein svær jungel der ude!